Leitar etter kjønnsforskjellar ved Alzheimer

Alzheimers sjukdom rammar dobbelt så mange kvinner som menn. Kvifor?

Foto: NTB Scanpix

Det har lenge vore kjent at langt fleire kvinner enn menn får Alzheimers sjukdom, men ein har tenkt at det hovudsakleg kjem av at kvinner i gjennomsnitt lever lenger enn menn. Høg alder aukar risikoen for å få Alzheimer, påpeiker Mari Aksnes.

«Kvinnehjernen er veldig understudert.»

Ho er postdoktor på Institutt for klinisk medisin og undersøkjer årsakene til auka sårbarheit for Alzheimers sjukdom hos kvinner.

Men dersom menn hadde levd like lenge som kvinner, ville då førekomsten av Alzheimer vore likt fordelt? Eller kan noko av forskjellen kome av at det skjer biologiske endringar i hjernen som er ulike for kvinner og menn?

Ser forandringar i hjernen

– Alzheimer er den vanlegaste årsaka til demens, og sjukdommen oppstår i hjernen lenge før ein får symptom, slik som problem med å hugse, fortel Aksnes.

Difor er forskarar interesserte i å studere biomarkørar, biologiske endringar som kan seie noko om sjukdommen–og som kan oppstå mange år før symptoma.

KJØNN ER VIKTIG: Framleis er det vanleg å berre justere for kjønn i staden for å studere kjønnsforskjellar. – Men då fangar vi jo ikkje opp om sjukdomen utviklar seg ulikt med alderen hos ulike kjønn, poengterer Mari Aksnes.
FOTO: LOTTE BECH

Aksnes tok doktorgraden sin på ein av biomarkørane som kan vere viktig for å forstå Alzheimers sjukdom, og no forskar ho vidare på samanhengen mellom Alzheimer, biomarkørar og kjønn i postdoktor-prosjektet sitt.

– Det skjer mykje spennande forsking i dette feltet no, som tyder på at det er forskjellar mellom kvinner og menn når det gjeld risiko for Alzheimer, seier ho.

Risikofaktorane kan delast inn i tre grupper: For det første er det faktorar som finst hos alle kjønn, men som har større effekt for eitt kjønn.

«Skadane på hjernen til ei kvinne med Alzheimer kan vere større enn hos ein mann med same symptom.»

– Eit gen som heiter APOE ser til dømes ut til å ha større effekt hos kvinner enn hos menn, illustrerer Aksnes.

For det andre er det faktorar som har like stor effekt for alle kjønn, men som er vanlegare hos eitt kjønn – slik som høg alder. Den tredje gruppa er risikofaktorar som er unike for eitt kjønn, slik som kjønnshormon.

Like symptom, ulike skadar

– Vi veit ikkje årsaka til Alzheimer, men sjukdommen er kjenneteikna av at to protein, som heiter  beta-amyloid og tau, dannar «plakk» og «flokar» i hjernen. Når nokon har døydd med Alzheimer, kan ein sjå desse skadane.

Men det viser seg at kvinner og menn som har nokså like symptom på Alzheimer, likevel kan sjå veldig forskjellige ut i hjernen. Skadane på hjernen til ei kvinne med Alzheimer kan vere større enn hos ein mann med same symptom. Kva kjem det av? Kan det til dømes ha med kjønnshormon å gjere?

For å finne ut av dette, studerer Aksnes nokre biomarkørar som ein allereie veit er knytte til danning av plakk og flokar i hjernen for å finne ut om dei opptrer i ulike mengder hos kvinner og menn.

– Eg ser også på biomarkørar som har å gjere med betennelse. Ein ser auke i betennelse i hjernen – nevroinflammasjon – ved Alzheimers sjukdom, men også ved mange andre sjukdommar som fører til demens. Det er interessant med tanke på kjønnsforskjellar – for det er nemleg store kjønnsforskjellar i immunforsvaret vårt, og det vil også påverke hjernen, seier ho.

Kva fører til kva?

Biomarkørane ho studerer, er protein som er henta frå blodet eller ryggmergsvæska til pasientar som har symptom på demens og som får oppfølgjing i spesialisthelsetenesta. Med dette vil ein finne ut kva sjukdom dei har og kva type behandling dei skal få. I tillegg studerer Aksnes bilete frå hjerneskanningar. Desse blir samanlikna med tilsvarande prøver frå kognitivt friske personar.

Så langt i prosjektet har ho teke for seg ei gruppe protein som heiter MMP.

– Dei har mange ulike funksjonar, mellom anna knytt til betennelse, men nokre av desse MMP-ane kan også vere med på å bryte ned både beta-amyloid og tau. Så dersom, til dømes, beta-amyloid tek til å oppføre seg unormalt og klumpe seg saman og danne plakk, så kan det bli produsert meir av desse MMP-ane for å bryte ned og kvitte seg med beta-amyloid. MMP-ane blir dessutan påverka av kjønnshormonet østrogen, så østrogennivået i hjernen kan ha noko å seie for samspelet mellom desse proteina, fortel Aksnes.

Då ho og kollegaene undersøkte nivåa av MMP-ar og beta-amyloid, fann dei ulike mønster hos kvinner og menn. Men kva tyder det?

– Eg skulle ønskje vi kunne seie at «dette fører til dette», men vi ser jo på assosiasjonar, og då er det vanskeleg å seie noko om årsaksforhold. Alzheimer er ein kompleks sjukdom, som involverer mange ulike biologiske mekanismar. Men dette gjev oss ein peikepinn på at det er noko her som er verd å studere nærare, seier Aksnes.

Må vite meir om kvinnehjernen

Tradisjonelt har mykje medisinsk forsking hovudsakleg blitt gjort på menn.

– I klinisk forsking er dette blitt betre, men framleis er det vanleg å berre justere for kjønn i staden for å studere kjønnsforskjellar, seier Aksnes.

Det vil seie at forskaren «tek kjønn ut av likninga», slik at ho til dømes kan studere korleis alder påverkar sjukdomsutviklinga, uavhengig av om pasienten er mann eller kvinne.

– Men då fangar vi jo ikkje opp om sjukdomen utviklar seg ulikt med alderen hos ulike kjønn, poengterer Aksnes.

Utgangspunktet hennar er at sjølv om det skulle vise seg at det ikkje er kjønnsforskjellar i sjukdomsbiletet, så er det også viktig å vite – og då må ein undersøke.

Sjå etter, då!

– Kvinnehjernen er generelt veldig understudert. Og det verkar rart å ikkje skulle leite etter kjønnsforskjellar, når ein har både menn og kvinner i datasettet. Det er jo berre å sjå etter!

Etter kvart har vi lært at mange sjukdommar artar seg ulikt hos kvinner og menn. Til dømes har kvinner med hjarteinfarkt hatt større risiko for å bli feildiagnostisert, fordi symptoma ikkje stemmer med det ein vanlegvis ser hos menn med hjarteinfarkt.

Mari Aksnes viser til at kjønnsforskjellar ved sjukdom kan ha å gjere med ulike erfaringar og opplevingar, men også med biologi.

– Difor kan det å studere kjønnsforskjellar gjere at vi forstår meir av sjukdomsmekanismane, som igjen kan føre til betre behandling for alle kjønn. 

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 27. mai 2024 09:40 - Sist endret 27. mai 2024 09:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere